Caroline Steinsland - om Reisa frå Brasil til Bømlo, Instagram og Karate
SunnhordlandPodden - Un pódcast de Kjetil Fyllingen - Lunes
Categorías:
Korleis endar ei livsglad kvinne frå Brasil opp på Bømlo – og blir ein Instagram-ambassadør for norsk natur og kultur? Caroline Steinsland har budd i fleire land, men fann kjærleiken og livet sitt på Vestlandet. I dag deler ho tips og inspirasjon til tusenvis av følgjarar på Instagram, der ho viser fram både kjende og ukjende perler i Noreg.I denne episoden av Sunnhordlandpodden fortel Caroline om oppveksten i Brasil, kontrastane mellom Sør-Amerika og livet på ei vestlandsøy, og om kvardagen som trebarnsmor, prosjektkoordinator – og snart svartbelte i karate! Ho brenn for å vise fram det enkle, vakre og ekte i norsk natur og kvardagsliv, og ho meiner Bømlo er «den magiske øya».Sponsor: Verdig GravferdHjå Verdig Gravferd skal du kjenna deg godt tatt hand om og få tatt ein verdig og personleg avskjed med dine kjære. Verdig Gravferd har kontor og samtalerom i Stord, Fitjar og Bømlo, men tilbyr sine tenester i heile Sunnhordland. Besøk nettsida verdiggravferd.no for meir informasjon og tilbakemeldingar frå tidlegare kundar. Verdig Gravferd leverer gravminner frå Eide Stein og veileder i prosessen frå skisse til ferdig montert gravminne.
